Varmestøvo

Image

Bestilling

Drop-in betyr at du kan koma i saunaen i lag med nokon du ikkje kjenner. Vil du ha heile saunaen for deg sjølv, må du bestille som ei gruppe. Varmestøvo i Kjøpmannsvågen er ein flytende sauna til 10 personar.  Vesle Varmestøvo på Glesvær står på land, med kort veg til badetrapp i sjø. Maks kapasitet er 5 personar. Stora Varmestøvo på Kolltveit er ein flytande sauna på Kolltveit kai. Maks kapasitet her er 16 personar. Sjå kalendar for ledige tidspunkt.

Bruk

I Kjøpmannsvågen ligg det eit bygg med offentleg toalett ca 20 m frå saunaen. Det kostar 20 kr å bruke det (tar kort). Det er utedusj ved saunaen, utedusjen blir tatt vekk om vinteren. Vi anbefalar å kome i badeklede, OG kom 10 min før tida di, slik at du har skifta og er klar til timen byrjar. Det er skifterom i naustet. Ha gjerne med badekåpe.

På Glesvær er det to ulike plassar å skifte. Sanitærbygget (kvitt med grøn dør) på høgre side når du rundar hjørne på Glesvær kafè. Det ligg 20 meter frå Vesle Varmestøvo. Det er og ei enkel skiftebu som ligg 10 meter frå saunaen, på veg ned mot badestige og sjø.

På Kolltveit er det skiftemoglegheiter på saunaflåten. Det er ein open garderobe med plass til å henge frå seg klede og sette frå seg sko.

Beliggenheit

Varmestøvo ligg i Kjøpmannsvågen under Rongesundbrua. Ta innkjørselen til høgre rett før brua, når du kjem i retning frå Bergen. Parker på parkeringsplassen under brua. Saunaen ligg ved kai bak Øygarden kajakksenter.

Vesle Varmestøvo står på Glesvær, ein runder hjørnet på Glesvær kafè, passerer sanitærbygget på høgre side. Gå forbi Glesvær rorbuer, som ligg på venstre side, så vil du sjå Vesle Varmestøvo med det same du passarer rorbuene. Parker ved Glesvær kafè. Dersom det er fullt må ein nytte næraste offentlege parkeringsplass, som er ved Glesnes skule.

Stora Varmestøvo ligg i marinaen på Kolltveit kai. Parkering på taket av parkeringshuset/garasjen opp bakken til venstre før kaien.

Ordensreglar

All bading og bruk av sauna skjer på eige ansvar.
Ikkje kast sjøvatn på omnen. Bruk ferskvatn som ein hentar utanfor saunaen.
Bruk alltid handkle på benk. Ha gjerne med 2 handklede.
Vis respekt for andre gjestar.
Vi oppmodar om å ta med vatn for å unngå dehydrering.

NB!
Det kan nytast to einingar alkohol, men kun ved gruppebestilling. Ikkje på drop-in! Berusa folk blir vist vekk. Du er erstatningsansvarleg for eventuelle skadar du påfører badstua ved bruk